LIAISON - EURIC Søknadsskjema

LIAISONs  bygde- og landbruksbaserte innovasjonskonkurranse (EURIC) har som mål å identifisere både pågåande og andre relativt nye nyskapande og gode initiativ innan landbruk og verdikjeder knytt til mat. Vi er på utkikk etter prosjekt som ideelt sett har fleire partnarar med ulike typar komplementær kompetanse og kunnskap involvert, både praktisk, forskningsmessig og anna, og der ein har slått sine krefter saman i prosessen for å få til nyskaping. Vi prøver å finne inspirerande nyskaparar som endrar landbruket og bygdesamfunn positivt.

Har du nyleg vore involvert i ett inspirerande og nyskapande prosjekt/tiltak/verksemd innan jord, skog, reindrift, verdikjede for mat?

Var fleire partnarar med praktisk, forskningsmessig, organisasjonsmessig eller anna bakgrunn involvert?

Dersom svaret er JA, vennligst meld deg på  konkurransen vår innan 15. mars  2019!

Ein jury samansatt av ekspertar vil velge ut 15 europeiske vinnarar som gode representantar for distriktsbasert innovasjon – «rurale ambassadørar for innovasjon». Dette vil bli markert ved at dei vert invitert til eit arrangement i ein europeisk storby  høsten 2019, dei vil få tilgang på eit stort europeisk nettverk, og få tilbud om gratis utarbeida videomateriell for bruk i deira informasjons- og markedsføringsarbeid. Vinnaren vil og få  tilgang på inntil 10 timar gratis veiledning frå Ruralis-forskar med sikte på å utvikle eit innovasjons- eller FoU-prosjekt.
 
 

T