Korleis vil du feira?

Me ønsker å få til eit skikkeleg flott jubileumsår for medlemmane, og då behøver me dine tilbakemeldingar. Under ser du føreslåtte jubileumsarrangement i 2024. Kor sannsynleg er det at du vil delta på desse (dersom datoen passar)?

Question Title

* 1. Startskot for BUL-jubileet

Me sparkar i gong jubileumsåret med ei lita samling i Bikuben på DNT eller i Teatersalen med info om jubileet, kulturelt innslag, kaffi og medlemsmingling

Question Title

* 2. 17. mai på BUL

I tidlegare år hadde BUL feiring i Teatersalen med talar, allsong, kulturelle innslag, rømmegraut og kos. Eit pust i bakken for medlemmar før Brusteinsballet.

Question Title

* 3. BUL på tur til Røkleivhytta 

Fellestur for alle medlemmar (i sommarhalvåret), med aktivitetar for store og små og nysteikte vaflar. Det tar rundt 20 minutt å gå til hytta frå Lillevann stasjon.

Question Title

* 4. BUL på tur til Bondehytta

Fellestur for alle medlemmar (i sommarhalvåret), med aktivitetar for store og små og nysteikte vaflar. Det tar rundt 1 time å gå til hytta frå Movatn stasjon.

Question Title

* 5. Natt på BUL

BUL opnar huset på Oslo kulturnatt. Medlemmar underheld besøkande på vandring gjennom huset. Utøvarane vil få manus, regi og rettleiing.

Question Title

* 6. Bursdagsfest for BUL

BUL feirar seg sjølv med middag, kake og kulturelle innslag ein laurdagskveld i oktober. Dei påmelde betalar ein liten sum sjølve, BUL dekker resten av kalaset. Feiringa er berre for medlemmar.

Question Title

* 7. Juleverkstad på julegrauten

Me gjer litt ekstra stas på julegrauten med juleverkstad i Lagsrommet. Her kan dei som vil få driva med julehobbyverksemd.

 
33% of survey complete.

T