Spørjeundersøking – Studentar |
Vi treng di hjelp!
Skjåk kommune er i gang med å kartlegge kva omverda kan og veit om oss og kva som skal til for å gjere kommunen meir attraktiv som bustad.
Ingen er betre egna til å gje oss desse svara enn deg!
Informasjonen vi får inn vil bli nytta i strategiarbeidet som går føre seg for å trygge eksisterande arbeidsplassar, og vidareutvikle næringslivet i Skjåk. Informasjon skal og sørge for at avgjerdene som kommunen fattar på ulike område, bidreg til at fleire ønskjer å bli buande, flytte attende eller flytte til Skjåk.
Nå har du moglegheit til å bli høyrt!
Enten du er ung eller gamal, innbyggjar, innflyttar eller utflytta. All informasjon er viktig for oss i denne fasa og all informasjon vil vera med å bestemme korleis framtida i Skjåk skal bli.
Vi har vald opne spørsmål. Det betyr at du svarar med dei orda som beskriv det du meiner. Svar med enkle ord eller korte setningar.
Til dømes kan svaret på tre ord som beskriv Skjåk som om det var ein person vere: Snill, raus, traust, optimist, pessimist, glad, trist, jordnær, etc.
Undersøkinga er anonym, så ingen vil vete kva akkurat du har svart.
Har du spørsmål til undersøkinga, høyrer vi gjerne frå deg på e-post. info@skjaak.kommune.no
Vi håper du tek deg tid til å svare.
Helsing Skjåk Kommune