Om undersøkinga

Kompetanseheving for amatørteaterfeltet
Tid: ca 4 minuttar

Bakgrunn og formål
Studieforbundet kultur og tradisjon jobbar med å skreddarsy ei ny instruktøropplæring som svarar til behova og ynskja hjå lag, grupper og instruktørar. Vi skal på oppdrag frå amatørteaterorganisasjonane kartlegge tilgangen på teaterinstruktørar for dei ulike teaterlaga rundt om i Noreg, og om det er behov for ei felles opplæring for teaterinstruktørane, grunnopplæring eller vidareutdanning.
Prosjektet er ein del av felles tiltak for amatørteater.

Kva inneber deltaking i studien?
Det er laga to løp i spørjeundersøkinga. Eit er retta mot aktørane i teaterlaget, og ei er retta mot instruktørane. Vi vil med dette få eit oversyn over kva de ynskjer og treng, og vil prøve skreddarsy ei framtidig instruktøropplæring etter ynskja og behova som viser seg gjennom undersøkinga.

Kva skjer med informasjonen?
Svara blir analysert av Studieforbundet kultur og tradisjon og ei styringsgruppe samansett av representantar frå teaterorganisasjonane.
Vi presiserer at det er frivillig å delta, og undersøkinga er anonym.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med ein av organisasjonane i samarbeidet eller Studieforbundet kultur og tradisjon.


Med vennleg helsing
Torunn Elise Kveen
Prosjektleiar
Studieforbundet kultur og tradisjon
Vågåvegen 35, 2680 Vågå
Tlf.: 41809366
www.kulturogtradisjon.no
torunn@kulturogtradisjon.no

T