Velg Skjermlesermodus for å gjøre spørreundersøkelsen kompatibel med skjermlesere.
Velg Skjermlesermodus for å gjøre spørreundersøkelsen kompatibel med skjermlesere.
Kjære innbyggjar.

Visit Jotunheimen og Lom kommune gjennomfører ei undersøking for å høyre kva du som innbyggjar tenkjer om utviklinga av reiselivet i Lom.

I utviklinga av reiselivet, ynskjer vi å ivareta både dei besøkande, næringa og lokalsamfunnet. Vi set difor stor pris på dine innspel og håper du kan bruke nokre minutt på å svare oss.

Vi trekkjer ut heldige vinnarar av flotte lokale premiar og opplevingar:
Guida bretur for to personar med Jotunheimen Arrangement (søndag 1. august 2027)
3-retters middag for to personar på Leirvassbu (2027)
2 stk. Lomslabben frå Fjell og Fritid
Familiebillett til utstillingane på Norsk Fjellsenter (2027)
Boka Heimelaga av Arne Brimi
To stk. Esso-burgarmenyar.
Leige av toppturutstyr for to personar ei helg frå Lom Utleie
Ein mysteriebag frå Coop.
Premiane er gjeve av bedriftane sjølv. Tusen takk!

Undersøkinga er anonym, men dersom du ynskjer å vere med i trekninga av premie, må du leggje att e-postadressa di nedst i undersøkinga. E-postadressa vert berre brukt til trekking av premiar og kan ikkje koplast til svara dine eller identifisere kven som har svart kva.

Spørsmål til undersøkinga kan sendast til marigarmo@visitjotunheimen.no.

Med vennleg helsing,

Visit Jotunheimen og Lom kommune
1.Kva er di tilknytning til Lom kommune?(Obligatorisk.)
Gjeldende fremdrift,
0 av 16 svar
Personvernerklæring og varsel om informasjonskapsler