Korleis påverkar turismen bygda vår?
Annankvart år sender Visit Voss og Voss herad ut ei innbyggjarundersøking, for å høyra innbyggjarane sine tankar om korleis turismen påverkar bygda vår, og kva reiseliv ein ynskjer for framtida.
I 2022 og 2024 fekk me kring 1200 svar! Det var gledeleg å lesa at vossingar flest var positive til reiselivet, og dei fordelane næringa fører med seg for lokalsamfunnet! Me fekk også innspel om nokre ulemper og utfordringar næringa fører med seg.

Rapport frå tidlegare undersøkingar finn du her; Innbyggjarundersøking 2024, Innbyggjarundersøking 2022.
No er tida inne for å gjennomføra ei ny innbyggjarundersøking og me i Visit Voss og Voss herad set stor pris på om du tek deg tid til å svara på denne undersøkinga, det tek maks 10 min å svara.
Undersøkinga vert nytta til å utvikla reiselivsnæringa på Voss i rett retning.

For Visit Voss og Voss herad er innspela frå innbyggjarane heilt avgjerande for å kunna utvikla reiselivet i rett retning. Reiselivet skal skapa verdiar, arbeidsplassar og gode tilbod på Voss, men utviklinga må skje på ein måte som tek vare på lokalsamfunnet og ikkje går på kostnad av dei som bur her.
Skal me lukkast med å viereutvikla Voss som reisemål, må det også vera ein god stad å leva og bu.
På førehand tusen takk!
Crister Aalberg Næss, leiar Visit Voss