INNLEIING

Kjære innbyggar!
 
Det skal vere enkelt å få hjelp og svar i Fusa kommune. Gjennom denne undersøkinga ønskjer vi å få vite meir om korleis du vel å kontakte oss i kommunen i dag, og kva vi kan gjere for å gi endå betre service i Bjørnafjorden kommune frå 2020.
 
Det er til stor hjelp om du kan ta deg tid til å svare på spørsmåla i denne undersøkinga.
 
Alle som svarar på undersøkinga kan velje å vere med i trekkinga om fire gåvekort à kr 1000 frå Oseana kunst- og kultursenter. For å vere med i trekkinga må du skrive inn kontaktopplysningar til slutt i undersøkinga. Desse opplysningane vil berre bli brukte til å trekke og kontakte vinnarar, og kan ikkje knytast til svara dine på undersøkinga. Etter at vinnarane er trekte, vil kontaktopplysningane bli sletta.
 
Undersøkinga er anonym. Det tar om lag 6-8 minutt å svare på undersøkinga.
 
På førehand tusen takk for hjelpa!
 
Med venleg helsing
Fusa kommune
 
Har du spørsmål om undersøkinga? Ring oss på 56 58 01 00.

T