Dette er ein spørjeundersøkelse som skal gje arbeidsgruppa til Regionsenter Husnes bakgrunnsmateriale til vidareutvikling av Husnes som regionsenter. Tanken bak spørsmåla er å finna ut korleis kvinnheringane ynskjer å bu, leve og arbeide i framtida. Her ynskjer me alle innspel velkomne, og håpar de kan vera framtidsretta og visjonære i svara dykkar. 

Undersøkinga er anonym, men om du vil vera med i trekninga av ein IPad, må du registrera e-post adressa di til slutt.

Tidsbruk: Undersøkinga har heile 30 spørsmål, men du treng ikkje svara på alle.

Det er høve til å svara på denne fram til 28. mai.

På førehand takk for hjelpa!

* 1. Kva er postnummeret ditt?

* 2. Kjønn

* 3. Alder

* 4. Kor vart du kjent med undersøkinga fyrste gong?

* 5. Husnes er regionsenteret for heile Kvinnherad. Kva tilbod meiner du eit regionsenter bør ha?

* 6. Korleis skal vi samle heile kommunen om Husnes som regionsenter?

* 7. Kva møteplassar ynskjer du at Husnes skal ha i framtida?

* 8. Korleis legge til rette for fleire arbeidsplassar som kan styrke regionsenteret i kommunen?

* 9. Korleis skape inkluderande arbeidsplassar?

* 10. Korleis få nyskaping og utvikling i næringslivet knytt til regionsenteret?

* 11. Landbruket har viktige arbeidsplassar i kommunen og opprettheld kulturlandskapet vårt. Korleis kan me ta vare på og styrke landbruksnæringa?

* 12. Kva viser du fram til besøkande som ikkje har vore i Kvinnherad kommune før?

* 13. Kva type bustadar meiner du det er behov for i Kvinnherad kommune og kor bør dei liggja?

* 14. Kva er eit godt nærmiljø for deg?

* 15. Korleis kan du vere med å ta vare på og utvikle gode fritidstilbod?

* 16. Korleis inkludere barn og unge, vaksne og eldre i fritidsaktivitetar og sosiale fellesskap?

* 17. Kva skal til for at du vil gjere ein innsats som frivillig?

* 18. Korleis inkludere innvandrarar i lokalsamfunnet?

* 19. Kva skal til for at du skal gå eller sykle meir?

* 20. Kva skal til for at du nytter meir buss?

* 21. Kva kan du gjere for å betre klimaet og miljøet i Kvinnherad kommune?

* 22. Kor liker du å gå på tur?

* 23. Kva fysisk aktivitet liker du?

* 24. Kva kan fremje fysisk aktivitet og sunne matvanar?

* 25. Korleis kan ein førebyggje mobbing og einsemd?

* 26. Korleis kan tenestene i Kvinnherad kommune utviklast betre?

* 27. Korleis ynskjer du å finne/få informasjon om tenestene i Kvinnherad Kommune?

* 28. Korleis ynskjer du å bli møtt av dei tilsette i kommunen?

* 29. Kva skal til for at du kjenner deg trygg i kvardagen?

* 30. Er det andre ting som er viktig for deg?

Rapporter et problem

T